Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 88

  1. Når gjeld angrerettlova? Når gjeld ho ikkje?

    Angrerettlova gjeld ved sal av varer og tenester til forbrukarar når seljaren opptrer i næringsverksemd (forbrukarkjøp), og avtalen blir inngått ved fjernsal eller sal utanfor fast utsalsstad, jf. § 1(1). Det er vesentlege unntak frå verkeområdet til lova i § 2. Det gjeld mellom anna ikkje reiser og persontransport, til dømes når flybillettar blir bestilte på nettet. Det er viktig ikkje å forveksle unntak frå verkeområdet til lova (§ 2) med unntak frå angreretten (§ 22). Ved unntak frå angreretten gjeld dei andre reglane i lova, det er berre angreretten som ikkje gjeld.

  2. Kvifor har vi ei lov om angrerett? Gjer kort greie for formålet med lova.

    Formålet med angrerettlova er å beskytte deg som forbrukar i situasjonar der du ikkje er førebudd og må ta ei avgjerd før du har fått tid og høve til å samanlikne tilbodet frå seljaren med tilbod frå konkurrerande seljarar.

  3. Kva er den normale angrefristen? Kva er utgangspunktet, lengda og utløpet for fristen?

    Normal angrefrist er 14 dagar frå den dagen forbrukaren fekk hand om vara (leveringa). Mottakingsdagen blir ikkje rekna som ein del av fristen. Han tek til å gjelde dagen etter mottakinga, jf. § 6(1). Fristen går normalt ut etter 14 dagar. Endar fristen på ein laurdag, helgedag eller høgtidsdag, blir han forlengd til nærmaste virkedag, jf. § 6(2).

  4. I kva tilfelle blir angrefristen utvida med 12 månader?

    Ved fjernsal eller sal utanom faste forretningslokale der seljaren ikkje har gitt opplysningar om angreretten i medhald av § 8(1) bokstav h (opplysningar om angrerett og standardisert angreskjema), blir angrefristen utvida til eitt år meir enn den ordinære fristen, jf. angrerettlova § 21(3). Regelen inneber at fristen blir eitt år og 14 dagar.

  5. I kva tilfelle kan angreretten gå tapt før fristen er ute?

    Angreretten går i prinsippet ikkje tapt før fristen er ute, men reglane i § 25 kan føre til at forbrukaren må heilt eller delvis erstatte verditapet på vara.

    Forbrukaren kan prøve vara utan konsekvensar for angreretten, men tek han eller ho vara i bruk og likevel ønskjer å nytte angreretten, må vedkommande erstatte verdireduksjonen. Nokre varer kan bli nesten verdilause etter at dei er tekne i bruk, slik at erstatninga kan bli nesten heile kjøpesummen.

    Dersom forbrukaren ønskjer å nytte den utvida angreretten etter utløpet av den ordinære fristen på 14 dagar, må vilkåret om manglande opplysningar etter § 8(1) h vere oppfylt. I slike tilfelle gjeld ikkje regelen om at forbrukaren har erstatningsansvar for bruken. Han skal visstnok ha attende heile kjøpesummen. Ein russedress som er kjøpt i ein nettbutikk utan at forbrukaren har fått opplysningar om angrerett og angreskjema, kan leverast attende etter eitt år utan at seljaren har krav på erstatning for bruken. Dette følgjer av antitetisk tolking av ordlyden i § 25(3) andre setning. Det er likevel tvilsamt om regelen utan vidare kan tolkast antitetisk. Det kan hende at forbrukaren kan få erstatningsansvar på anna grunnlag enn angrerettlova § 25(3) andre punktum.